Hopp til hovedinnhold
Tuva og Tiril

Me (Tuva Mæland og Tiril Torvund) var utvekslingselevar hjå Saint Paul Lutheran High School skuleåret 2022 til 2023.

Skulen ligg om lag 1 time frå Kansas City, det vert jamleg arrangert shoppingturar hit. Skulen ligg i den vesle bygda Concordia med ca. 2000 innbyggjarar. På skulen møter du elevar frå alle delar av verda sidan det er ein internasjonal skule, men halvparten av elevane er frå USA. Både frå Concordia, Missouri og andre statar. Dette er ei unik oppleving som få andre skular kan tilby, og du vert kjend med mange ulike kulturar. Dei fleste av elevane bur på internat på skulen, nokre bur heime. Me budde på Moeller dorm, som er jentedormen. Her budde me på rom to og to, noko som til tider kan vera krevjande, men for det meste berre kjekt og sosialt. På internatet er det vaksne som passar på deg slik at du føler deg trygg. 

Saint Paul er ein liten skule med ca. 200 elevar og du har same timeplan kvar dag. Dette høyres nok kjedeleg ut, men når du er blitt vane med det, så er det ganske behageleg og skuledagen går veldig fort. Det er godt skulemiljø og alle er svært imøtekommande. Du vert fort kjend med alle og får venner for livet.

Etter skuletid har skulen mange ulike aktivitetar du kan vere med på. Til dømes volleyball, baseball, soccer, amerikansk fotball, basketball og cheerleading. Du kan i løpet av året vere med på tre ulike sportar om du vil det, fordi det er ulike sesongar for dei ulike sportane. Me var «Football Cheerleaders» på hausten, noko som var ei veldig kjekk oppleving og noko ingen av oss hadde prøvd før. Her vart me kjend med mange nye og fekk sett mykje meir av området rundt Concordia. Me har mange fine minner frå tida me var cheerleaders. Det er på ein måte ein del av «high school» opplevinga å vere med på sport, så det anbefales!

I feriane må alle elevane ut av internatet. Då har du muligheten til å reise til mange ulike plassar. Tiril reiste til ein familie i Las Vegas og Tuva reiste til familiemedlem i Montana i Thanksgiving- ferien. Då får ein sett ein annan del av USA og det er veldig kjekt å oppleve nye ting og sjå nye plassar. I Spring Break reiser alle dei norske elevane på busstur. Me var innom mange ulike byar og statar på kort tid. Det var ei veldig kjekk oppleving og eit minne for livet!