Hopp til hovedinnhold

Kvar finn du oss?

Lokala i Øystese

Kvam vidaregåande skule ligg i Kvam herad i Hardanger og er ein av Vestland fylkeskommune sine vidaregåande skular.

Kvar finn du oss?

Kvam vidaregåande skule har undervisningslokale både i Øystese (Nedre Vik 85) og i Steinsdalen (Dalatunvegen 40), Norheimsund. 

Kart

Kontaktinformasjon:

  • Telefon: 56556600
  • E-post: post.kvam @ vlfk.no
  • Postadresse: Nedre Vik 85, 5610 Øystese

I Norheimsund leiger me lokale til:

  • Verkstadar og klasserom for yrkesretta opplæring for elektro og teknikk- og industriell produksjon.

I Øystese har me:

  • Studiespesialisering, helse- og oppvekstfag og fellesfagundervisning for elektro og teknikk- og industriell produksjon. 
  • Leiing og administrasjon, 2. etasje
  • Skulebibliotek 2. etasje
  • Skulen leiger areal i Øystesehallen til gymnastikk og idrett.

Skulen si historie

1. januar 2017 blei Øystese gymnas og Norheimsund vidaregåande skule slått saman til ein skule og gitt namnet Kvam vidaregåande skule. Ny skule skal byggjast sentralt i Norheimsund. Meir om skulen sin historie

Utsikt mot Norheimsundog Movatnet

Ny skule skal byggjast

– Til lukke, Kvam! Dette skal bli det nye praktbygget i Norheimsund, seier fylkesordførar Jon Askeland, som helsar velkomen til samarbeid mellom Kvam herad og fylkeskommunen i å byggja den vidaregåande skulen og storstova i Norheimsund. 

Tilgjenge

På nettsida til Bygg for alle kan du lese om korleis tilgjenge til skulen er.