Hopp til hovedinnhold

Historia vår

Gamle bilete av skulane

1. januar 2017 blei Øystese gymnas og Norheimsund vidaregåande skule ein organisasjon med namnet Kvam vidaregåande skule. Ny skule skal byggjast i Norheimsund og stå ferdig 2026.

Norheimsund vidaregåande skule 

Norheimsund vidaregåande skule ligg på austsida av Steinsdalen og Steinsdalsfossen der det før var beitemark og "teknisk tyskarleir". Skulen var frå starten i 1948 heimeyrkesskule, frå 1949 yrkesskule og frå 1997 vidaregåande skule. Dei fyrste skulelokala var brakker som tyskarane bygde under 2. verdskrig. 

Dei første åra vart det gjeve opplæring i mekaniske fag og bygningsfag. Trebåtbygging har lange tradisjonar i Hardanger. Skulen fekk oppretta trebåtbyggjarlinja i Jondal i 1979. Grunna manglande rekruttering vart denne linja lagt ned i 2003. Etter kvart vart skulen utvida med nye studieretningar som elektrofag og helse og sosialfag. Nye linjer blir oppretta og andre blir lagt ned, alt etter kva studietilbod det er nok søkjarar til. Me hadde òg formgjevingsfag i ein periode. I 2017 avsluttar eit langt kapittel ved at Byggfaglinja blir lagt ned. Hausten 2022 startar me opp med eit nytt tilbod innan transport og logistikk.

Øystese statsrealskule

Ordførar Olav L. Skeie jobba hardt for å få ein statsrealskule i Kvam. I 1949 avgjorde Kyrkje- og undervisnings departementet at Kvam herad fekk oppretta ein statsrealskule. Statsrealskulane skulle gje evnerik bygdeungdom gode vilkår for vidare utdanning og vera små kultursentre i bygdene dei blei lagt til. Kvam herad kjøpte ei tyskarbrakke og bygde på ei høgd. I desse provisoriske lokala starta 33 elevera opp hausten 1949. Elevane blei tekne inn etter opptakingsprøvar som gjekk over 3-4 dagar. Ivar M. Iversen fungerte som skulen sin første rektor før Ludvig Holmaas tok over hausten 1950. Holmaas var rektor heilt til 1974. I 1972 blei dei siste statsrealskulelevane uteksaminert. 

Aksjon for læremiddel på nynorsk

50 år sidan streiken for lærebøker på nynorsk

Onsdag 27. oktober vart  50-årsjubileet til dei store elevstreikane i 1971 markert på Kvam vgs. Streiken starta på gymnaset i Øystese. Etter kvart streika elevar frå 112 skular.

Øystese gymnas

I 1960 blei dei første gymnaselevane tekne opp. Gymnaset blei først administrert under statsrealskulen. I 1965 overdrog departementet eigedommane frå Statsrealskulen til Hordaland fylke, mot at Hordaland fylke bygde ut gymnaset i Øystese. Etter ti år med gymnaselevar, fekk skulen status som fylkesgymnas. Tida som statsrealskule var over. 

 

St. Pau`s Lutheran High School

Ein klasse i USA

Hausten 1998 reiste første gruppa med elevar over Atlanterhavet. Samarbeidskulen vår, St. Paul’s Lutheran High School er ein internatskule med om lag 200 elevar. Skulen ligg i byen Concordia i staten Missouri, sør-vest frå Chicago. Det er ein kristen skule med tradisjonar tilbake til 1883. Elevgruppa er sett saman av lokale studentar og utvekslingsstudentar frå ei rekkje land. 

Bøker om Øystese statsrealskule og gymnas