Hopp til hovedinnhold

Biblioteket

Skulebiblioteket

Les, lån, studer, slapp av  og spør!

Opningstid, lokale og tilbod

  • Skulebiblioteket er ope heile skuledagen.
  • Du finn biblioteket i 2. etasje i lokala i Øystese
  • På biblioteket kan du jobba, vera sosial, kvila og finna lesestoff og kjelder til oppgåver.
  • Etter å ha signert digital lånekontrakt, kan du låna lærebøker på skulebiblioteket. Lånetida for lærebøkene er eitt skuleår.
  • Bibliotekaren hjelper deg gjerne med å finna bøker og digitale ressursar til skulearbeid eller fritidslesing.
  • Finn du ikkje det du ønskjer i hyllene på biblioteket? Ta kontakt, så skaffar me det som er mogeleg å få tak i.
  • Ønskjer du å ha det stille rundt deg når du jobbar? Då kan du setja deg på stillelesesalen. Får du lyst å prata med nokon eller ta ein telefon? Då set de dykk ute i biblioteket.

Bibliotekkatalogen 

I bibliotekkatalogen, websøket kan du:

  • Sjekka kva bøker og filmar me har
  • Få ei oversikt over låna dine på "Mi side"
  • Reservera bøker og filmar
  • Fornya lån
  • Laga ny pin-kode

Websøket er tilgjengeleg både som nettside og app i Google play/appstore. Appen heiter Bibliofil. 

Me ønskjer at elevane våre skal få tilgang til gode lærebøker og ei rik biblioteksamling.

Reglar for utlån

  • Reglane for utlånet av lærebøker blir definert av digital lånekontrakt som alle elevar skal signera ved skulestart 
  • Lånetid for skulebiblioteklån: 4 veker for bibliotekbøker og 1 veke for filmar
  • Eigarbiblioteka bestemmer lånetida for bøker me bestiller frå andre bibliotek.

Fornying

  • Bøker og andre media som det ikkje er venteliste på, kan fornyast.
  • Fornying skjer i Mappa mi, per sms eller ved å ta kontakt med bibliotekaren.

Purring og erstatningskrav

  • Første og andre purring blir sendt som SMS eller e-post.
  • Ta gjerne kontakt for fornying dersom du ønskjer å ha låna lenger.
  • Etter 2. purring blir det sendt ut varsel om erstatningskrav dersom lånaren ikkje leverer.
  • Dersom låna ikkje kjem inn eller er blitt øydelagt, må me diverre senda erstatningskrav.

Vestland fylkeskommune har utarbeidd ei digital skjemaløysing for avtale om vilkår for utlån av læremiddel, skuleutstyr, mv. for elevar i vidaregåande opplæring. Elevar må visa til kvittering for innsendt kontrakt for å få låna lærebøker. Det blir enkelsignering for alle som er 18 og oppover og dobbelsignering frå elev og førsesett for dei under 18 år.

Signering av lånekontrakt

Vilkår for utlån 

Avtalen skal dekke storparten av lån-, leige- eller kjøpsforholda mellom elev og vidaregåande skule. Ikkje alle punkt er relevante for alle elevar.

Utlån av lærebøker, bibliotekbøker og/eller anna materiell

  1. Tilbakelevering

Lånetida for lærebøker og/eller anna materiell er 1 skuleår. Det utlånte materiellet skal leverast tilbake i god stand ved skuleåret sin slutt, seinast siste skuledag kvart skuleår. Dersom eleven sluttar eller byter skule tidlegare, skal det utlånte materiellet leverast attende seinast 14 dagar etter sluttdato.

Eleven må levere tilbake det same eksemplaret som vart lånt ut. Det er viktig å hugse på og ta omsyn til at det utlånte materiellet skal brukast av andre elevar etterpå, jf. gjeldande ordensreglement.

Bibliotekbøker skal leverast tilbake i samsvar med reglane skulebiblioteket har for utlån.

  1. Tilstand

Det utlånte materiellet skal leverast tilbake i same tilstand som ved utlån, med unntak av normal slitasje. Dette inneber at bøkene/skuleutstyret skal vere reine, vere utan skrift, markeringar eller liknande og at strekkoden skal vere heil. Eleven kan likevel skrive namnet sitt på innsida av permen på lærebøkene.

  1. Erstatningsansvar

Dersom utlånt materiell vert øydelagt, ikkje vert levert attende eller elles kjem bort, er eleven eller føresette erstatningspliktige etter denne avtala og etter reglane i skadeserstatningslova §§ 1-1 og 1-2. Det vert ikkje kravd erstatning for normal slitasje som følgjer av vanleg bruk.

Skulen vil i tilfelle sende eleven/føresette faktura med krav om betaling for kostnaden med kjøp av ny bok/utstyr. Faktura vert ikkje trekt tilbake sjølv om det utlånte materialet seinare vert levert inn. Ved manglande betaling innan fristen, vert det sendt purring før kravet vert sendt til inkasso.

  1. Felles innkjøp skulemateriell/-utstyr

Dersom læremiddel/skuleutstyr som eleven skal halda sjølv vert innkjøpt felles for klasse, og skal dekkast av kvar einskild elev i klassen, vert eleven økonomisk ansvarleg for sin del.

  1. Anna skulemateriell og utstyr

Ved utlån eller sal av anna skulemateriell/-utstyr som ikkje er dekka av punkta over, kan det vera fastsett eigen leigesum/salssum.

  1. Mat

Ved avtale om mat på skulen, pliktar eleven å betale for dette.

  1. Låne-PC

PC kan lånast inntil fem verkedagar når eleven har si maskin til reparasjon. Eleven må gi beskjed til skulen dersom eleven vil forlenge lånet. Lånet kan forlengast inntil fem verkedagar.

Dersom låne-PC vert øydelagt eller ikkje vert levert tilbake innan fristen er eleven/føresette erstatningspliktig. Ved reparasjon av låne-PC må elev/føresette betale 50 % av reparasjonskostnaden. Om låne-PC ikkje vert levert inn att må elev/føresette betale innkjøpskostnaden minus avskriving (avskrivingstida er 4 år). Når faktura er motteken er det for seint å levere tilbake låne-PC.

Lånekort og ID-kort

  1. Lånekort

I samband med utlån av lærebøker/materiell kan eleven få tildelt nasjonalt lånekort. For å få nasjonalt lånekort må eleven gje samtykke til at fødselsnummer vert lagra i Felles låneregister. Elevar som ønskjer nasjonalt lånekort må ta kontakt med skulen sitt bibliotek for å gje slikt samtykke. Nasjonalt lånekort kan nyttast i heile landet, på alle bibliotek. Dersom eleven ikkje ønskjer å registrere fødselsnummer, vil kortet berre kunne nyttast på skulen.

For å få lånekort må eleven vise legitimasjon og signere denne låneavtalen.

Ved tap kostar nytt lånekort kr. 20.

  1. ID-kort

Ved tap av ID-kort eleven har fått utdelt frå skulen, pliktar eleven å erstatte tapet. Erstatningsplikta er avgrensa til kostnaden med utskriving av nytt kort.

Gjennom appen Lydhør eller nettsida til NLB kan dei som har rett på tenesta få låna både lærebøker og  fag- og skjønnlitteratur som lydbøker. Du har rett til å få lånetilgang hos NLB dersom du har anten:

  • Svekka syn 
  • Dysleksi eller andre lesevanskar
  • ADHD med konsentrasjonsvanskar
  • Problem med å halda ei bok
  • Kognitive utfordringar og språkvanskar på grunn av sjukdom eller skade

Dersom du er interessert i å få tilgang til fag- og skjønnlitteratur kan du melda deg inn sjølv via NLB sine nettsider. Dersom du treng lærebøkene dine som lydbøker, er det me på skulen som melder deg inn. Når me har meldt deg inn får du tilgang til alt, både fagbøker, skjønnlitteratur og lærebøker. Me kan låna lærebøkene for deg eller du kan låna dei sjølv. Du må sjølv lasta dei ned på PC eller i appen Lydhør.

BookBites, app på telefonen

Lån av e-bøker og e-lydbøker

Biblioteka i Vestland samarbeidar om utlån av e-bøker og e-lydbøker. I BookBites kan du låna e-bøker og e-lydbøker. Tilbodet er gratis. Du kan lytta og lesa i appen Bokkbites eller via nettside.

Registert deg som brukar ved å logga på med skulekontoen din i Feide eller ved å oppretta ein konto knytt til lånekortet ditt på folke- eller skulebiblioteket. 

Bibliotekaren

Astrid Holmefjord er bibliotekar på skulen og koordinator for dei andre skulebibliotekarane i dei vidaregåande skulane til Vestland fylkeskommune. Ho har kontorplass på skulebiblioteket i Øystese.

Astrid Holmefjord

spesialbibliotekar - Kvam vgs
Astrid Holmefjord