Hopp til hovedinnhold

Helse- og oppvekstfag

Trening på pleie av pasientar

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velja helse- og oppvekstfag?

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føra fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel. Det er også mogleg å ta påbygg til generell studiekompetanse.

Dette programmet passar for deg som likar å arbeida med menneske, har evne og vilje til å samarbeida, samstundes som du kan ta avgjerdsler på eiga hand.
Fellesfaga er ikkje like krevjande som på studiespesialiserande, men tel like mykje. 

Me tilbyr:

  • Vg1 helse- og oppvekstfag
  • Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag
  • Vg2 helsearbeidarfag

 

I Kvam har me eit godt samarbeid med offentlege og private institusjonar. Alle våre elevar får prøva seg i praksis, til dømes i barnehage, skule, helseinstitusjon og andre liknande tilbod. Dette gjev eit godt grunnlag for fagleg utvikling.

DSC05028.JPG

YFF - yrkesfagleg fordjuping

I faget yrkesfagleg fordjuping er elevane i praksis i bedrift. 

  • Vg1: Praksisdag ein dag i veka
  • Vg2: 7 veker i praksis (Haust:  4 veker, vår: 3 år)

Bli elev hos oss!

Vg1 helse og oppvekst 

 

Helse- og oppvekstfag er eit utdanningsprogram som fører fram til yrke som til dømes helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar, hudpleiar, ambulansearbeidar, farmasiteknikar og fotterapeut. Her får du kunnskap om helsefremjande arbeid, korleis kroppen er bygd opp, hygiene, førstehjelp, sjukdommar, velferdsteknologi og kosthald. Du lærer om kommunikasjon, samarbeid og sosial kompetanse. I faga får ein knytt teori og praksis saman. Skulen har eit klasserom som er utstyrt med sjukehussenger og anna relevant utstyr som gjer at me kan gjera praktiske øvingar. VR-briller vert også nytta i opplæringa.

I faget yrkesfagleg fordjupning (YFF) får du moglegheit til å få yrkespraksis ute på arbeidsplassar. I tida fram til haustferien er det felles teoretisk innføring for alle elevar før de eventuelt skal ut i praksis. Me prøver så langt det let seg gjere å skaffe deg den type praksisplass du ønskjer.

Les meir om Helse- og oppvekstfag på vilbli.no

Læreplan i vg1 helse- og oppvekstfag (HSF01-03)

Vg2 helsearbeidarfag

På helsearbeidarfaget får du praktisk og teoretisk opplæring. Her får du kunnskap om helsefremjande arbeid, korleis kroppen er bygd opp, hygiene, førstehjelp, sjukdommar, velferdsteknologi og kosthald. Du lærer om kommunikasjon, samarbeid og sosial kompetanse. I faga får ein  knyte teori og praksis saman, og skulen nyttar ulikt utstyr til sjukepleiaroppgåver. VR briller vert også nytta i opplæringa. 

Praksis utgjer størstedelen av faget yrkesfagleg fordjupning, Du kan vere i praksis på sjukeheim, open omsorg, sjukehus eller bufellesskap. Kvart år blir det utdelt stipend frå Erasmus+ og dei heldige får to veker i praksis i utlandet. Våre elevar reiser til Tyskland. 

Læreplan i vg2 helsearbeiderfag (HEA02‑04)

Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag

Her vil du lære å legge til rette for aktivitet, glede og livsutfalding for barn og unge. Barne- og ungdomsarbeidarar skal vere tydelege rollemodellar som ser det enkelte individet, og er medviten på dei utfordringar barn og unge har i eit fleirkulturelt samfunn. Du får utvikle evna til kommunikasjon i møte med barn, unge og foreldre, tilpassa kulturtilhøyrsle, funksjonsnivå og livssituasjon. Opplæringa er tverrfagleg og praksisnær og bli avslutta med ein tverrfagleg praktisk eksamen.

Kvart år blir det utdelt stipend frå Erasmus+ og dei heldige får to veker i praksis i utlandet. Våre elevar reiser til Tyskland. 

Jobbmoglegheitene for ein fagperson er i hovudsak: barnehage, SFO, støttefunksjonar i grunnskule og vidaregåande skule, barne- og ungdomsklubbar og ulike organisasjonar for barn og unge.

Læreplan i vg2 barne- og ungdomsarbeiderfag (BUA02‑03)

Nürnberg2.jpg

Elevutveksling til Tyskland

Kvart år arrangerer Kvam vidaregåande skule utveksling av elevar med Montessori Fachoberschule Franken i Nürnberg. Partnarskulen er ein vidaregåande skule med 120 elevar i alderen 16-23 år.

Juleverkstad

Samarbeid med Kvam herad

«Leve hele livet" er namnet på stortingsmelding nr 15, (2017-2018) som kommunane skal setja ut i livet. Alle eldre skal ha eit tilbod om aktivitet. Kvam vidaregåande skule har eit samarbeid med Kvam Herad om aktivitetar på Mikkjelsflaten omsorgssenter og Tolo omsorg.

Hjelpemiddel i helsevesenet

Vegen vidare

På yrkesfag er det normalløp med 2 år i skule og 2 år i lære. I løpet av vg1 og vg2 blir du godt kjente med fleire av arbeidsplassane i lolkalmiljøet som tilbyr læreplassar.

Dersom du ønskjer å studera på høgskule eller universitet, må du først ta påbygg til generell studiekompetanse.