Hopp til hovedinnhold

Startskot for ei ny æra ved Kvam vidaregåande skule

Elev med maskin

Måndag 10. februar 2025 vart ein merkedag for Kvam vidaregåande skule, då dei første elevane tok steget inn i den splitter nye skulen i Norheimsund. Sjølv om dette var ei uoffisiell opning ettersom berre byggetrinn 1 er ferdig, er det likevel ein stor milepæl og eit startpunkt for ei spennande framtid.

Dei fyrste elevane som har flytta inn i den nye skulen, er frå yrkesskulen i Steinsdalen. Det er elevane frå Teknologi og industrifag, Elektro, og Transport og logistikk som no har fått ta i bruk dei nye fasilitetane i byggetrinn 1. Dette er ein viktig milepæl, og me ser fram til at fleire fagområder vil ta i bruk skulen når byggetrinn 2 vert ferdig hausten 2025. Frå januar 2026 vil heile skulen bli teke i bruk av elevar og tilsette. 

Skulen er bygd med tanke på både funksjonalitet og fellesskap. Den tilbyr moderne fasilitetar som skaper eit ideelt læringsmiljø, og gir både elevar og tilsette dei beste moglegheitene for vekst og utvikling. Den nye bygninga er eit resultat av mange års grundig planlegging og hardt arbeid. Skulens design er inspirert av framtidas behov og fokuserer på berekraft, både i bygningsstruktur og funksjonalitet. 

Me ønskjer alle våre elevar og tilsette eit varmt velkomen til den nye Kvam vidaregåande skulen i Norheimsund – eit stad der draumar kan verte realiserte, og der framtidas moglegheiter skapast!