Hopp til hovedinnhold

Ut i verda

Amerikansk skulebuss

Open for verda, med hjarta i Hardanger. Utvekslingsprogram, skuleturar, Vg2 studiespesialiserande i USA. Gjennom åra hos oss, kan elevane få tilbod om utlandsreiser alt etter kva utdanningstilbod dei vel.

SSt. Paul's Lutheran High School, Concordi, Missouri, USA

St. Paul's Lutheran High School, Concordi, Missouri, USA

Kan du tenkja deg å ta Vg2  studiespesialisering i utlandet? Då kan eit år i Missouri i USA, vera noko for deg. Hausten 1998 reiste første gruppa med elevar over Atlanterhavet til St. Paul Lutheran High School. 

Skulen arrangerer tur til USA der føresette, vennar og kjente kan vitja klassen og vera turistar i USA. Ein lærar frå skulen er med som guide.

Bilde av skulen

Elevutveksling til Italia

Har du lyst å reisa til Italia i februar 2025? Du kan søkje om å delta på ei veke ved partnarskulen vår i Senigallia. Tilbodet gjeld denne gongen for vg1 og vg2 studiespesialiserande.

IMG_20220509_130421947_HDR.jpg

Elevutveksling til Spania

Har du lyst å reisa til Spania? Me tilbyr ei veke med variert program i Valencia. Skulen me samarbeider med der heiter IES José Rodrigo Botet. Du kan søkja om du vel spansk som framandspråk.

Nürnberg2.jpg

Elevutveksling til Tyskland

Kvart år arrangerer Kvam vidaregåande skule utveksling av elevar med Montessori Fachoberschule Franken i Nürnberg. Partnarskulen er ein vidaregåande skule med 120 elevar i alderen 16-23 år.