Velkomen som elev ved Kvam vidaregåande skule! Anten du har vore elev hos oss tidlegare, eller skal byrja ved skulen for første gong, ser me fram til å få deg som elev. Me ynskjer at du skal få eit godt utbyte av skulegangen. Ein trygg og god skulestart er eit fint utgangspunkt.
Praktisk informasjon
Første skuledag er torsdag 15. august, med oppmøte i Øystese.
- kl. 09.00: vg1
- kl. 10.00 vg2 og vg3
Før skulestart
Hugs å skaffa deg PC og signera låneavtalen for lærebøker med meir. Føresette må signera avtalar for elevar under 18 år.
Startsamtalar
Vg1-elevar vil få tilsendt SMS med invitasjon til startsamtalar der de møter kontaktlærar eller ein faglærar. Kvam vgs tykkjer det er ei føremon om føresette til elevar under 18 år har høve til å møta saman med eleven. Av erfaringar veit me at god kommunikasjon mellom skule og heim er viktig, men dersom det av ulike grunnar ikkje høver for føresette å møta, har me forståing for dette. Det er sett av ca.15 min til samtale med kvar elev.
Elev-pc
Alle elevar i vidaregåande skule skal ha eigen PC. Du kan kjøpa rimelegare PC gjennom
Vestland fylkeskommune når du skal skaffa deg pc.
Informasjon om ordninga for elev-pc
Stipend
Som elev i vidaregåande skule har du rett til stipend. Mellom anna har alle elevar rett til
utstyrsstipend. Dette stipendet skal særleg gå til å kjøpa pålagt personleg verneutstyr og
anna utstyr som er nødvendig i opplæringa.
Skuleskyss
Hugs å søkja om skuleskyss før skulestart.
Lærebøker/ Låneavtale
Alle lærebøker som vert nytta i undervisninga, får du låna ved biblioteket på skulen. Låneavtale skal signerast digitalt. Når elevane er under 18 år skal i tillegg føresette signera digital avtale for lån av læremiddel.
Signering av lånekontrakt
Skulerute
Signering av avtalar
- Lenkje for signering av avtale om samtykkje til bruk av bilete (Digital signering)
- Låneavtale for lærebøker med meir.
Visma
Elevar og føresette for elevar under 18 år finn informasjon i Visma in School. Ein kan logga på via nettside eller app.
Du finn timeplanen din, kva klasse du høyrer til i, fråvær, merknadar, vurderingar og karakterar i Visma.
Passord og brukarnamn blir tildelt ved skulestart.