Skulen har fleire tilbod og tenester til deg som elev. Saman gjer me kvarandre gode!
IKT-tenesta
Du finn IKT kontoret i 3. etasje i lokala våre i Øystese
Du kan kontakta oss på:
- Telefon: 56556606
- E-post: elevhjelp@vlfk.no
- Senda sak til oss via skjema på: www.elevhjelp.vlfk.no
Kantina
Noko å eta? I kantina kan du nyta mat du har med deg eller kjøpa noko i utsala våre. Kantina får mykje skryt i elevundersøkinga.
Karriererettleiar
Kva val er dei rette for deg? Karriererettleiaren tilbyr rettleiing knytt til fagval, yrkesval og vidare utdanning.
Miljøkoordinator og sosialpedagogisk rådgjevar
Me jobbar for å ha eit trygt og godt miljø på skulen vår. Samarbeid med elevrådet er viktig. Miljøkoorddinator har eit ekstra ansvar for å setja i gong kjekke aktivitetar.
Sosialpedagogisk rådgjevar kan hjelpa deg om du treng ekstra tilpassing og støtte i skulekvardagen.
Skulebiblioteket
Les - lån - studer - slapp av - spør! Skulebiblioteket er ope kvar dag.
Skulehelsetenesta
Ønskjer du å snakka med ein vaksen? Har du spørsmål om fysisk og psykisk helse? Små eller store problem? Lege, psykolog og helsesjukepleiar har teieplikt og er her for deg.