Hopp til hovedinnhold

Elevutveksling til Italia

Bilde av skolen

I år arrangerer Kvam vidaregåande skule utveksling av elevar med partnarskulen vår i Senigallia, som ligg i Italia.

Opphaldet i Italia

Har du lyst å reisa til Italia i februar 2025? Kvam vgs. samarbeidar med gymnaset Liceo Statale «Enrico Medi» i Senigallia. Me vil reise med ei gruppe på inntil seks elevar og ein lærar. Avreisedag er planlagt til 10. februar og retur 16. februar 2025.

Vertsfamiliar

Elevane som deltek bur heime hos kvarandre. Det vil seia at dei elevane som reiser ut, tek imot ein elev som gjest i sin heim. Du som får reisa bur heime hos ein vertsfamilie i Senigallia

Aktivitetar

Aktivitetar i Italia: Programmet er variert og inneheld m.a. aktivitetar på skulen, bli kjend i Senigallia, ulike utfluktar og aktivitetar i vertsfamilien. Programmet i detalj vert fastlagt seinare i vinter.

Aktivitetar i Noreg: Me legg opp til at dei italienske elevane deltek i ein del skuletimar, det vert dagsturar og tid i vertsfamilien. Det vert nokre felles aktivitetar på kveldstid. Kvam vgs. lagar ein fritidsplan i lag med elevane og dei føresette.

Kostnadar, helsetrygdekort og pass

  • Turen og opphaldet er delfinansiert av utdanningsprogrammet Erasmus+. Difor er kostnadar med reise, opphald og dei fleste måltid dekka, slik at alle elevar har høve til å delta.
  • Forsikring: Skulen har reiseforsikring for elevane.
  • Helse: Ta med Europeisk Helsetrygdkort.
  • Pass: Sørg for at passet er gyldig lengre enn heimreisedatoen.

 

Korleis delta

Søknadsskjema til Italia

Knut Njaa

Kontaktperson for elevutvekslinga gjennom Erasmus+

Knut Njaa

adjunkt m/tilleggsutdanning i
Knut.jpg